Endeleg: Ville Villsauar på Villspor

I 2014 sat eg kursen vestover. Sjølvsagt med spøt i handbagasjen. Det var  berre eit problem. Eg hadde gløymt å sjekka om storleiken på yngstemann og storleiken på trøya var den same

Eg hadde med Villsauene på Runde til Canada. Perfekt fly- og konferansespøt. I følgje eit tidlegare innlegg vart eg ferdig med bolen og eit erme på den tida eg var i Ottawa. Siste rest og montering vart ferdig etter jul.

Resultat: Alt for stor! Så lenge etter er eg ikkje sikker på kva som gjekk gale. Var det feil storleik, feil strikkefasthet eller rett og slett at eg spøta til feil unge? Umogleg å sei kva som skjedde den gongen. Uansett grunn så er jakka endeleg passeleg.

Ville Villsauar på Villspor

• Mønster Villsauene på Runde
• Rauma finull. Eg kjøpte garn til botnfargen medan alle sauene er spøta av restar frå lundefuglgenseren min. 
     – 411 brun, botnfarge
     – 483 blå
     – 419 rust
     – 461 oransje
     – 460 oransje
     – 4986 lys gul
• Totalt 270 gram
• Pinnar 2,5 og 3,0 mm (reknar eg med)
• 9 stk treknappar

Mønsteret er laga av Ann Myhre/Pinneguri og kan kjøpast på Ravelry eller på medpinner.no