Fantoosh! Eller betre seint enn aldri

Bagasjen var full av svømmeføtter, dykkarmasker og snorklar. Badetøy og shortsar. Og sjølvsagt garn så eg kunne spøta medan me var på ferie. Kom trass alt ikkje til å plaska rundt i bassenget eller sjøen heile tida.

I juni 2015 hadde me akkurat flytta inn i nytt hus. Naturleg for dei fleste vil vera å pakka ut og koma (sånn nokonlunde) i orden. Ikkje hos oss. Me reiste på ferie med Storfamilien til Kreta.

Eg fekk nok ikkje spøta like mykje som planlagt og sjalet vart ferdig 18. november 2015 (seier Ravelry). Det tok med andre ord 3 år og 5 dagar før eg fekk festa fire trådar, skylt opp og blokka det ferdige sjalet. Eg har mange orsakingar for at eg ikkje har gjort det tidlegare. Hovudårsaka er nok at eg har mangla ein god stad å blokka eit stort sjal på. Før me flytta brukte eg gjestesenga til slikt. Men no er gjestesenga ein sovesofa og rett og slett ikkje stor nok.

Husbonden var i Seattle i januar 2018 og då nytta eg høve til å kjøpa blokkematter på Amazon. Heilt genialt å handla slik på Amazon og sleppa unna frakta – alt han gjorde var å henta i ein av utleveringsboksane. Med andre ord kunne sjalet vore ferdig blokka i byrjinga av februar 2018. Det gjekk likevel over 9 månadar før eg fekk gjort det.

Men no er det ferdig og kan brukast. Og nytast. 

Var vistnok ikkje like nøyaktig heile vegen då eg festa blokkenålene
Blokking på vranga! Ingen får sjå det fine mønsteret. Ein feil eg ikkje såg før eg tok av blokkenålene.

Fantoosh!
・ Nøstebarn silkeull i fargen 255 Havblå
・ Garnmengd: 204 g, 1224 m
・ Pinnar: 2,5 mm
・ Vingespenn: 222 cm
・ Høgd: 100 cm
・ Designar: Kate Davies

Mønsteret kan kjøpast som enkeltmønster på Ravelry eller som del av boka Happit.