Framework bralette. Sumartopp som kan brukast om vinteren
To hesper merinoull farga med fløyelsblom blir til Framework bralette. Det er ein perfekt liten sumartopp som nok vil fungera enno betre på vinteren. Rett til oppsummeringa
Ferdaminne
Husbonden har kjøpt garn til meg på kvar gong han har vore i Seattle. Denne gongen (som var for lenge sidan) vart det Cascara Merino: Merinoull frå småskalaproduksjon på den nordvestlege Stillehavskysten (hovudsakleg WA). Spunne på mikrospinneriet Abundant Earth Fiber på Whidbey Island. Farga med fløyelsblom hos Local Color Farm and Fiber på Bainbridge Island. Kjøpt hos Churchmouse Yarns & Teas på Bainbridge Island. Kortreist og lokalt garn som blir eit langreist ferdaminne.
To hesper er for lite, eller …
To hesper på 100 gram kvar er for lite til ein genser til meg. Passe garn til hue og vottar, eit skjerf eller liknande småting, men ikkje til ein genser. Eg har vore så usikker på kva eg skulle bruka det til, så det har eigentleg berre lege til pynt i hylla mi. Heilt ærleg, så hadde eg nok eigentleg gløymt at eg hadde det …
Inspirasjon
Eg følgjer litt ulike spøt-, ull-, og designkontoar på instagram. Og innimellom dukkar det opp gull i forslaga til nye kontoar å følga. Ein av dei som dukka opp er Jessie Mae Martinson – @jessssiemae på instagram og Jessie Maed Designs på Ravelry. Ho lagar enkle, fine ting som passar til alle. Absolutt alle! Tynn eller tjukk – alle oppskriftene hennar passar alle kroppar. Og ho kjem i tillegg med forslag til tilpassingar som kan gjerast slik at passforma vert perfekt.
Framework Bralette
Eg ynskjer å spøta fleire av toppane og genserane til Jessie Mae. Kombinasjonen “oppskrift – garn eg har heime – ingen omrekningar og prøvelappar” førte til at det vart Framework bralette som hamna på pinnane denne gongen. Neste gong blir det ein anna topp, men då må eg triksa litt med garnet reknar eg med. For det skal bli fleire.
Det sat langt inne å spøta ein topp som er kort og kroppsnær. Eit godt stykke utafor mi komfortsone. Men eg gjorde det. Og eg er veldig nøgd med resultatet. Fin sumartopp. Og ikkje minst vil han vera fin å bruka på fjellet om vinteren.
Framework Bralette
- Mønster: Framework bralette
- Storleik: M; brotet er i S
- Garn: Local Color Fiber Studio; Cascara Merino Aran
- Farge: Marigold
- Kjøpt hos: Churchmouse Yarns & Teas
- Pinnar: 3,0 og 3,5 mm
- Garnforbruk: 154 g
- Garnlengd: 282 meter
- Design: Jessie Mae Martinson
Eg spøta brotet i S og auka deretter til M då eg starta på bolen. Stroppene er spøta litt kortare enn oppskrifta for at dei skulle vera passe lange til meg. Han var rask å spøta sidan han spøta med innsida ut og deretter vrengt slik at det blir vrange masker med ein falsk saum. Oppskrifta kan kjøpast på Ravelry.