Fresco Basket Whip Cowl
Eg har verdas beste Svigermor!
Til trass for at me bur på kvar si side av Langfjella, så hjelpe ho oss så godt ho kan. Sist var i samband med dåpen til Maiblomen. Ho (og Svigerfar) kom over nokre dagar før dåpen og hjalp til med husvask og rydding og ikkje minst matlaginga til dåpen. No var det sodd (er jo gift inn i ei trønderslekt), så det kunne vore verre. Men eg er så takknemleg for at ho tek seg tid og kjem over og vitjar og hjelp oss med det som trengst. Tidlegare i år var ho hos oss i samband med fødselen til Maiblomen. Då tok ho seg av Storebror, henta han i barnehagen, laga mat til meg. Rydda og luka masse ugras i hagen vår. Det var ikkje så mykje me hadde fått gjort på vårparten ettersom eg var fullstendig ute av stand til noko som helst, då prioriterte eg heller å vagga på tur medan Mannen lufta hundane våre. Då Svigermor tok fatt på hagen så var det nok å gjera der. Resultatet var at me fekk gjort det me hadde planlagt, nemleg lagt på duk og bark slik at området ho rydda no skal vera til roser, liljer, peonar og andre staudar samt jordbær og bringebær.
I Maiblomen sin dåpsfest 22. oktober sa Svigermor at ho ynskja seg ein hals til å ha til den brune kåpa si. Kåpa manglar hette og ho ville ha ein fargerik hals som ho kunne ta over hovudet når det snør. Klart eg spøte ein hals til Svigermor – eg har trass alt verdas beste Svigermor. Ho fall fullstendig for Kauni sitt effektgarn då me (mest eg) vitja Therese Kvam si vevstove i sommar. Ein rask fargekonsultasjon med Svigerinna mi vert gjort og eg landa på fargen EU, altså raudguloransj. Eg fann gratismønsteret Fresco Basket Whip Cowl av Laura Patterson på Ravelry. Eg har spøta ein mønsterrapport meir enn det som står i oppskrifta for at halsen skal bli litt lenger. Eit enkelt blondemønster, kast og spøt saman to masker gjer at eg fint kan sjå seriar medan eg spøte halsen. Så i løpet av ei veke har eg sett sesong 3 og 4 av Mad Men samt nokre episodar av Stargate SG-1 sesong 6.
Og vill og gal som eg er, så har eg faktisk blitt med på Pinnekroken si utfordring “Noe som varmer“.
Takk for at du deltar i utfordringen hos Pinnekroken!
Kjempeflott sjal – Svigermor blir nok glad!
Hilsen Jane Brit
– Pinnekroken –
Tusen takk 🙂