Fuglemammas omslagsbody

Myk Start av May B. Langhelle gjeve ut på Gyldendal forlag

 

Ei stund før eg hadde termin med Maiblomen, den tida han faktisk framleis vart omtala som ein Påskebolle, fekk eg ein overraskingspakke i posten. Ei forumvenninne var lei av all klaginga mi på denne babyen som aldri kom ut og sendte meg ein nesten ferdig “Fuglemammas omslagsbody”. Hennar vesle baby var brått blitt eit år gamal utan at bodyen var ferdiggjort. Eg vart så utruleg glad og rørt av at ho tenkte på meg og takknemmeleg for at eg fekk noko å gjera på i Påsken.

Fuglemammas omslagsbody er henta frå boka Myk Start av May B. Langhelle og gjeve ut på Gyldendal forlag.

 

Ikkje bare fekk eg ein nesten ferdig body i posten. Men han er spøta i kasjmir så han er fantastisk varm og mjuk. Eg spøta ferdig den siste armen og sydde i knappane (som jo sjølvsagt følgte med) og hadde med ein fantastisk body på sjukehuset då Maiblomen vart fødd.

Mai var ein kald månad så det var ein heldig liten gut som fekk omslagsbody. Men den heldige litle guten var ein lang laban då han vart fødd, så diverre fekk han ikkje brukt bodyen så lenge som mammaen skulle ynskja. No er Fuglemammas omslagsbody sendt vidare og vente på ei lita jente som skal bli født no i oktober. Heldige jenta skal gå vinteren varm i møte.