Heksatonsjal i rosatonar

Heksa - seks på gresk

Skala

Den heksatone skalaen er i musikkteorien ein skala med seks toner i kvar oktav. Blant dei mest kjende døma er heiltoneskalaen C D E F# G# A#; den forstørra skalaen C D# E G Ab H og Prometheusskalaen C D E F# A Bb. No skal eg ikkje påstå at eg forstår noko som helst av musikkteori, heksaton skala eller Prometheusskalaen. Eg er bare utruleg dyktig på googling og wikipedia.  Prometheus er forøvrig ein skapning frå gresk mytologi. Eller eit romskip i ein film. Men skala?? Å nei du. Går ikkje på den. Hopp rett til oppsummeringa av Heksatonsjal viss du heller vil det. 

Då er det mykje meir fornuftig å relatera heksaton til garn og ull. I motsetnad til skalaøvingar og musikkteori, så er ull og garn mine språk.

Sjal

Heksatonsjal er nemleg namnet på eit sjal designa av Elisabeth Steenks til NinaPetrina sin adventskalender for 2019. Heksatonsjalet er spøta med seks ulike fargar – heksa – i rillestrikk og kanta med snoravfelling. Då eg starta prosjektet i mars, var eg skikkeleg irritert på planleggjinga før eg kunne ta til med spøtinga. Heldigvis gjekk irritasjonen raskt over og gleda over spøtinga kom tilbake. Eg brukte vel ein månad på sjalet, men då spøta eg litt sokkar og andre småting innimellom. Ikkje minst var eg mykje i skogen for eg blei hardt angripen av brakkesjuke då eg var innestengd saman med heile familien.

Tre av hespene til sjalet er handfarga av NinaPetrina og dei andre tre er spesialfarga av Hillesvåg Ullvarefabrikk. Tilsaman utgjer dei ein rosa gradient kor dei tre lysaste fargane er spetta medan dei tre mørkaste er einsfarga. Basen er Hillesvåg Vilje, eit framifrå lamullgarn. 

Seks hesper med garn i rosatoner som utgjer ein gradient.
Den rosa gradienten frå NinaPetrina sin adventskalender 2019.

Eg ba yngstemann (som blei 9 år på fotodagen) om å ta bilete av meg. Sjølvutløysar på mobiltelefon er ikkje så lett og eg rekna med det vart enklare å instruera 9-åringen. Så feil kan eg altså ta. Det enda med at han instruerte meg: Snu deg, mamma. Ta armane ut. Snu deg litt til, mamma. Gå litt bort der, mamma. 

Så me hadde fotoshoot i snøen utafor hytta i byrjinga av mai. Legg merke til skispora som går der. Fekk nokre supre skiturar og dei vart ikkje eingong dei siste for sesongen.

Heime har eg Spektralsjal til å ha over akslene både inne og ute. Sumar som vinter. På hytta har eg ull i ulike variantar frå tynne ulltrøyer til kofter og ikkje minst supermannkappa mi. Men eg har mangla eit sjal som kan varma akslene mine. Og gjera ein innsats kring halsen når det er ekstra kaldt og eg er ute på ski eller akar. Heksatonsjal er akkurat det eg håpte eit hyttesjal skulle vera.

Heksatonsjal

Alle hespene vart vegd på same vekta før eg starta. Undervegs vog eg på ei anna vekt, men det synte seg etterkvart at denne levde sitt eige liv. Det resulterte i at eg brukte mindre enn 1/3 av garnet på fyrste halvparten av sjalet, og eg enda opp med litt for mykje garn att av kvar farge. Heller det enn at eg brukte meir enn 1/3 og ikkje hadde nok til avsluttingskanten.