Hespetrekjærleik

Hespetre. Garnvinde.

Lenge, veldig lenge, så meinte eg det ikkje var naudsynt med ei slik ei for å nysta opp garnet mitt. Det var ingenting i vegen for å nytta ryggen på Storebror sin lenestol, storleiken var heilt perfekt for hespar frå Askeladen (Nøstebarn) og New Zealand Lammeuld (123knit.com). Så lenge eg passa på å gjera dette når Maiblomen sov og eg såleis ikkje vart utsett for “hjelp” frå han var det ikkje noko problem å gjera det utan hjelpemiddel.

Heilt til den dagen eg nytta fire timar for å nysta opp eitt einaste hespe! Eg starta ut feil og di lenger eg heldt på di meir rot blei det. Eg måtte ta pause og rydda vekk fordi sovebabyen Maiblomen vakna og seinare blei det enno meir rot då eg starta opp att. Då brukte eg pengar og kjøpte hespetre hos Pinnsvin Design og har etter det aldri sett meg attende. Klart eg kan nøsta opp alle hespane ved hjelp av ein stolrygg men det er jo mykje raskare og enklare å gjera det ved hjelp av hespetreet.

Eg er med andre ord litt kjær i det fine hespetreet mitt.