Hjelp det er haust!

Som vanleg er det shorts og t-skjorte eine dagen (berre han yngste som er gal nok til det no) og is og kuldegrader den neste. Snart er det haustferie.

Hausten kom like brått som han vanlegvis gjere. Og saman med haust kjem haustferien. Me kjøpte hytte i vår og i haustferien skal me vera på Riddarbu. Gå i fjellet. Spela brettspel. Lesa. Og ikkje minst spøta. I alle fall eg. Som vanleg så er det dårleg med vottar her i huset når hausten kjem. Ein skulle trudd at eg klarte å planleggja litt betre etter kvart, men neida. Eg vert like overraska kvar einaste haust. 

Eg må ha ei oppskrift når eg skal spøta. Eg kan ikkje berre sjå på garnet, sjå på mottakaren og så setja i gong og resultatet er perfekt passeleg. Så oppskrift må til. Eg har tidlegare spøta Sitka spruce av Alexa Ludeman & Emily Wessel og no oppdaga eg at dei har ei heilt genial votteoppskrift: The world’s simplest mittens. Ei oppskrift som er tilpassa garn som gjev 26 masker på 10 cm så vel som 18 masker på 10 cm. Best av alt så er ho gratis. Det gjere meg ingenting å betala for oppskrifter, dei som har utvikla ho har lagt ned tid og innsats og fortener at me betaler for dette. Men eg blir ekstra glad når eg finn gratisoppskrifter som attpåtil er fine.

Så det blei eit par raske og superenkle vottar til yngstemann. Spøta i Troll frå Hillesvåg på tynnare pinnar enn banderolen seier. Rett og slett fordi eg ikkje har så tjukke og ikkje gadd å reisa på butikken for å kjøpa eit sett. Det skulle nemleg spøtast!