Ice Princess Headwrap

EG HAR HEKLA!!

Bare sjå kor stolt eg er av megsjølv – må ropa det ut med store bokstavar og fleire utropsteikn. Det er mange-og-tjue år sidan sist eg hekla, så teknikken min var litt rusten. Ein gong på 80-talet så hadde eg lyst til å læra å hekla. Mamma kan det ikkje sjølv, så då måtte eg læra det av nokon andre. Heldigvis har mamma ei syster som hadde tida og tolmodet til å læra meg hekling. Det eg hekla den gongen på 80-talet var dukar og brikker i tynn bomull og med tynn nål. Rett og slett slikt som passe fint inn i ein bestemorsheim, så eg gav jo vekk alt eg laga. Eg likte sjølve heklinga men ikkje så veldig godt det eg laga.

Og no, i mi nyoppdaga spøteglede, så har eg jo óg oppdaga at hekling er kult. Då eg fekk eit innfall om at eg ville hekla panneband til ei lita jente eg kjenner, så var det bare å kasta seg rundt. Eller kasta seg over macen er meir rett å seia. Fyrst leita eg opp mønsteret og enda på Ravelry med kjøpemønsteret Ice Princess Headwrap (treng innlogging) av Lisa van Klaveren. Ho har óg ein Etsy-butikk kor mønster kan kjøpast. Turen vidare gjekk til To Damer AS på Askøy for å finna garn. Eg visste ikkje kva eg ville nytta så måtte gå og sjå litt og kjenna på garna før eg landa på Drops Eskimo.

Så er alt klart for hekling. Dagen starta ikkje så bra ettersom eg gjorde ferdig ei hue og kom på etterpå at det var ein grunn til at eg ikkje spøte huer med mønster. Eg spøte nemleg så fast når eg har sokkepinnar og mønsterspøt, så hua vart ikkje fin. Skal rekkast opp att og gjerast på nytt og då prøve eg meg med magisk løkke i stadenfor. Og etter ein slik irritasjon, så må jo bare dagen bli betre. Det var heilt til eg kom på at heklevokabularet mitt var ikkje-eksisterande. Eg hadde rett og slett gløymt alt eg hadde lært ein gong for lenge lenge sidan. Heldigvis er google venen min så problemet var ikkje uløyseleg.

Eg vitja Garnstudio sin hekleskule og fekk ei kjapp oppfrisking på stavar og kjedemasker og slikt. Då var eg klar for å setja i gong med pannebandet eg skulle laga. Trudde eg. Blei jo heilt sett ut av at engelske hekleoppskrifter sjølvsagt nyttar engelsk hekleterminologi, noko som ein augneblink framsto som heilt gresk for meg .“hdc in 3rd ch from hook and in each ch across. Ch 2, turn. Row 2: Fphdc around post of each st across to last st, hdc in last st. Ch 2, turn”. Nok ein gong er google venen min. Fann ordlistaCrochet Me og fekk ei fin forklaring på forkortingar og heile ord.

Då er eg endeleg klar for å hekla. Får gjort ferdig den fyrste av fire riller og ser at heklefastheten er heilt feil. Eg hadde jo ikkje sjekka kva heklenål eg trengte til Eskimo <klaske seg i panna>. Eg kjøpte mykje tjukkare garn enn det som sto i oppskrifta men gløymde å auka nåletjukna. Då var det bare ein ting å gjera – rekka opp, kjøpa ny og tjukkare heklenål og deretter starta på nytt att.

Til slutt vart eg ferdig! Det tok meg tre kveldar inkludert masse googling, lesing av teknikkar, you tube-videoar og ikkje minst å starta på nytt att. Hadde teknikken og terminologien vore inne, så hadde nok dette berre teke ein kveld. Pannebandet var langt frå vanskeleg å hekla.

Pannebandet er som sagt hekla i Drops Eskimo med nål 7.0 mm og blomen er hekla i dobbel Drops Alpaca med nål 5.5 mm.

Eg vonar at jenta som skal få Ice Princess Headwrap blir glad for det. Trass alt er det i lys lilla med ein mørkare lilla blom, perfekt for små (is)prinsesser.

Ice Princess Headwrap er óg med på Pinnekroken si utfordring «Noe som varmer«.