Kiromanti: Pseudovitskap og ny vott

Ordet “pseudo” kjem frå gresk (ψεύδω) og tyder falsk eller noko som liknar. Pseudovitskap er nemninga på slik forsking eller slike teoriar og forklaringar som gjev seg ut for å vera vitskap. Dei stettar ikkje dei vanlege vitskaplege krava til at hypotesar og teoriar skulle kunne sannkjennast på ein akseptabel måte. Mellom anna skal testingar av eksperimentelle teoriar og hypotesar kunna gjerast om att med same resultat til andre tider og på andre stader.

Livslinjen
Hel og tydelig viser et langt liv med god helbred. Svak og uregelmæssig tyder paa daarlig helbred. Brudt i to dele: en alvorlig sygdom eller et ulykkestilfælde. Begynder den med et kors faar man et vanskelig liv; slutter den med et kors dør man lykkelig.
Spaakort I
Nasjonalbiblioteket, bildenummer blds_06902

Hopp over pseudovitskapen og rett til vottane

Hendene våre skal gje oss informasjon om både personlegdomen vår, kva som har skjedd i fortida og kva som skal skje med oss i framtida. Mellom anna skal linene i hendene kunna fortelja om liv og kjærleik. Fjella om intelligens, sans for musikk og poesi eller om ein liker å reisa. Det er inga tvil om at hendene våre vert påverka både av sjukdom og arbeid, men det er ikkje forutbestemt kva ein skal bli ut frå korleis linjene i hendene går. Eller om ein skal bli ramma av alvorleg sjukdom alt etter om livslina er heil eller oppdelt. 

Makan til sprøyt!

Utgjevar: Mittet & Co ca 1920-25; Digitalkopi: Nasjonalbiblioteket; Bildesignatur: blds_06902
Utgjevar: Mittet & Co ca 1920-25; Digitalkopi: Nasjonalbiblioteket; Bildesignatur: blds_06903
Handa med korrekte namn som tenar og hypotenar, ikkje venus- og maanebjerget. Og kjedelege, men korrekte, namn på linjene som distal og proksimal palmar i stadenfor hjarteline og hovudlinje.

Liner og fjell i handflata… <ruller med augene>

Linene er rett og slett eit hjelpemiddel i huda for at huda skal kunna strekka seg og trekka seg saman ved handrørsler. Sagt med andre, og særs uvitskaplege ord, så er dei førehandsdefinerte brettar som gjer at huda ikkje krøllar seg når ein lukker handa. Linene i handa vert utvikla kring 12. svangerskapsveke og er heilt ferdig utvikla ved fødselen.

Nok om pseudovitskap. Over til spøt. Og irritasjonen over anatomisk vanskelege tomlar. Tomlar har synt seg å vera eit irritasjonsmoment. Eit stort eit! På kvardagsvottane vil eg at tommelen skal vera plassert relativt anatomisk korrekt og ikkje berre stikka ut på sida av votten. Eller gå rett opp slik som på dei klassiske selbuvottane. På sistnemnde er jo tommelen eit lite kunstverk som passar med resten av votten – finvott til finbruk. Tommel med musklar, bein, leddband og sener startar inne i handflata og går på skrå oppover/utover. Og det vil eg at tommelen på votten og skal gjera. Men eg har ikkje klart å tenka meg til korleis eg skal løysa dette.

Heldigvis har andre hatt same problem og løyst dette for meg.

Purl Soho er ein butikk i New York som i tillegg til garn (og mykje anna), har ei lang rekke oppskrifter til sals. Fleire av desse er gratis og vottane Arched Gusset Mittens har tommelkilen eg er på jakt etter. Oppskrifta gjev einsfarga vottar men det er ingenting i vegen for å endra på dette sjølv. Striper eller mønster. Ved mønster må ein nok tenka litt slik at mønsteret inne i handflata passar med aukingane, men det bør ikkje vera umogleg. Vottane er spøta utan ribbebrot og på same pinnar heile vegen. Det er heller ingenting i vegen for å endra på brotet viss ein vil det.

Eg har spøta vottane i Håndværksgarn frå Hjelholt Uldspinderi. Dette er eit blandingsgarn av gotlandsk pelsull og merino frå Falklandsøyene (mulesingsfri). Garnet er uansett heilt utan tull. Eg kjøpte det hos Rasmilla Garn og Strik i København då eg var på jobbtur til Kongens by. No er Rasmilla lagt ned og Strikkesalonen har opna i dei same lokala. Det er tjukkare enn garnet oppskrifta tilrår så eg la opp til vottar i medium og då blei dei ferdige vottane storleik stor. Usikker på kven som skal ha dei, men eg skal laga fleire etter denne oppskrifta.

Pseudovitskapsvottar

Eg gjorde ingen endringar til mønsteret. Garnet er litt tjukkare enn det som står i oppskrifta, så vottar spøta i storleik medium passar til store damehender/herrehender. Mønsteret er gratis og kan finnast her hos Purl Soho