Kjære Tansy, Aster og Pansy

Kjære Tansy, Aster og Pansy!

Tusen, tusen takk for garnet som har blitt laga av ulla dykkar. No har ulla dykkar blitt til ei varm hue og varme vottar her på Austlandet. Heilt perfekt når det er snø og kaldt.

Tansy, Aster og Pansy er sauer av rasen romney og bur på ein universitetsgard i Fort Flagler, Washington. Romney er ein sauerase med tung og grov ull og størestedelen av ulla vert nytta i teppeproduksjon. Det finst ull- og garnentusiastar over heile verda, og nokre av dei sørgjer for at ulla til Tansy, Aster og Pansy vert garn og varme klede. Heldigvis for meg!

Grå romneylam frå USA

Mannen var på jobb i Seattle, og for at eg ikkje skulle sutra for masse fordi eg måtte laga mat sjølv kvar dag i 9 dagar så handla han garn til meg. Insouciant Fibers, eit lite spinneri på Bainbridge Island, har spunne ulla frå Tansy, Aster og Pansy, og garnet vart kjøpt på Churchmouse Yarns & Teas på Bainbridge Island. Alt dette berre ein liten ferjetur frå Seattle.

Langreist lokalgarn. Garnet kom vel heim og var heilt perfekt for hue og vottar som held meg varm her austpå. Både vottane og hua har flettemønster og garnet var heilt perfekt for å få fram teksturen i mønsteret. Garnet er av grov ull og kløfaktoren er høg. Heldigvis er kløtoleransen høgare.

Nye vottar vart ferdige akkurat i tide til at kulda kom. Og litt seinare snøen

Valanar

  • 100% Romney wool frå Insouciant Fibers
  • 75 gram til hua, 69 gram til vottane
  • Pinnar nr 3,5 og 4,0 mm på hua og 4,0 og 5,0 på vottane

Hue og vottar er (saman med ein hals) designa av Elena Nodel. Mønster for heile settet kan kjøpast på Ravelry