Made By Me

Strikkeblad? Kven kjøper slikt var vel det som gjekk gjennom hovudet mitt tidlegare. Oppskrifter har eg kjøpt saman med garn i butikkane. Men så fann eg jo att spøtegleda mi i vinter og deretter oppdaga eg Ravelry. Og med Ravelry oppdaga eg at spøting var så mykje meir enn tjukke gensrar og praktiske ullbukser i barnehagen.

Så då Egmont Hjemmet Mortensen lanserte eit nytt blad tidlegare denne månaden, måtte eg jo sjekke det ut. Men det var jo umogleg å finna, eg leita og leita og leita i bladhylla hos Narvesen og måtte til slutt spørra dei som jobba der. Joda, bladet stod der det, det var bare eg som oversåg det. MbyM er rett og slett eit glossy spøteblad med masse flott. Oppskrifter, mote og inspirasjon. Tine Solheim er kreativ redaktør og då må det jo bli bra med tanke på dei fine bøkene ho har gjeve ut tidlegare.