Monsterbukse

Endeleg er Monsterbuksa ferdig! Eg har jo aldri spøta bukse før så eg syntes det tok alt for lang tid før eg vart ferdig. Hadde ikkje Maiblomen og eg fått øyrebetennelse medan me skulle planlegga dåpen, så hadde kanskje buksa vorte ferdig litt før. Men er ikkje heilt sikker altså. Fyrste gongen eg spøta bukse. Fyrste gongen eg nytta magisk løkke. Fyrste gongen eg har brodert med maskesting. Og du kan lesa om det i Nye Ting og Nye Ting del 2. Og jammen meg har eg klaga masse til Mannen om dette prosjektet. Men eg er ferdig no. Og skal aldri meir klaga, trass alt sa eg frivillig ja og ingen har tvinga meg til å gjera det. Og det i bytte med ein pose makrell. Så blir gode middagar framover 🙂

Eg spøta monsterbuksa etter oppskrifta til duBedåre i lys og mørk blå Babyull frå Gjesdal på pinnar nummer 2,0 og 2,5 mm

No er ho i alle fall ferdig spøta, alle trådane er festa og buksa er vaska og forma. Ho er så fine atte. No vonar eg at 4-åringen som får buksa (og mammaen hans) vert like nøgd med ho som det eg er.

Til dette spøtet har eg sett mange episodar, for ikkje å sei sesongar av Stargate SG-1