Når vegen til strikkekafe er brulagt med uhell

Torsdag og strikkekafe i Hølen! Spøt og kaffi og vafler på Hølen Kafe. Korleis i alle dagar kan det gå galt?

Det heile byrja med at eg snubla på veg til kafeen. Akkurat det er ikkje så gale i seg sjølv, men så klarte eg å øydeleggja den fine veska mi. Heldigvis ingenting ein symaskin ikkje kan fiksa.

Vel inne på kafeen fekk eg kjøpt meg kaffi og vaffel og fann fram spøtet mitt. Ein halvferdig vott. Ekstra garn. Og ein pinne for lite. For han synte seg å liggja att heime på blokkemattene mine.

Heldigvis hadde eg med ekstra spøt. Garn og pinnar til eit nytt vottepar. Skulle denne gongen testa ut korleis det var med skeiv tommelkile i forhold til passform. Enkel gratisoppskrift frå Purl Soho saman med restegarn eg hadde heime. Burde vore enkelt penkelt!

Og så er garnet øydelagt. Fyrst prøvde eg å leggja skulda på at nokon hadde leika med saks. Men måtte innsjå at dette var resultat av skadedyr. For mange, mange år sidan var det eit rykte på eit foreldreforum eg brukte ein god del tid på, om at ein av garnbutikkane i Oslo hadde problem med pelsbiller/Majorstuebille. Garnet mitt var derifrå men om eg har fått skadedyr med på lasset eller om eg har fått dei ein anna stad, er heilt irrelevant. Garnet var uansett øydelagt.

Alt garn som var med på flyttelasset frå Hammarsland (aka Strilalandet) hadde seg ein runde i fryseboksen før det fekk flytta inn her i Hølen. Det var ingenting levande å sjå i garnet no, korkje i det som var øydelagt eller det som var tilsynelatande heilt og fint. Derimot fann eg noko som kunne vera restar etter larvar. Alt garnet eg hadde av denne typen vart kasta. 477 gram rett i bosset! Og garnet som låg i same hylle skal no få liggja i fryseboksen til over vinterferien.