Newfie mittens med skilpaddefargar

Newfie mittens i grått og grønt garn gjer at dei liknar eit skilpaddeskal. Eller ei vokskake. Eg er ikkje så glad i honning og føretrekk då skilpaddeskal. Newfie mittens blir påstått å vera eit tradisjonelt vottemønster frå Newfoundland (og sikkert mange andre stader) og finst i utal variantar rundt omkring på nett. Dei er eigentleg ganske raske å spøta. I teorien i alle fall.

Fem minutt etter at høgt og tydeleg proklamerte i ein familiemiddag at eg ikkje likte å spøta vottar, sa Svigermor at ho ønska seg varme vottar til jol. Det vart ikkje sagt rett ut i lufta slik at nokon andre kunne ta ansvar. Neida, utsegna var retta mot meg. Sidan eg har ei grei Svigermor som alltid er hyggeleg og hjelpsam, så var det berre å leita fram garn og oppskrift då eg kom heim.

Eg har spøta i grått garn som eg hadde liggjande etter ein genser pluss litt mangefarga grønt eg av ukjent grunn hadde kjøpt ein eller anna gong. 

Det er ingenting hokuspokus med desse vottane, kun striper i grått og grønt. Vokskakeeffekten kjem av å løfta med to grå masker over dei fem grøne omgangane. Tilrådd pinnestorleik til begge garna er 5,5 mm, og sidan eg spøtar på pinne 4,0 mm blir dei veldig tette. Og varme. Som jo var heile poenget når Svigemor ønska seg varme vottar. I teorien er dette raske vottar å spøta. Men viss du føretrekk å spøta ein genser i tynt garn på pinnar 2,5 mm (slik eg gjere) så er det mogleg at det tar veldig lang tid å få dei ferdig. 

Newfie mittens

Newfie Mittens er eit gratismønster som er å finna på Ravelry. Eg har brukt tjukkare garn enn oppskrifta og måtte difor bruka litt tjukkare pinnare enn det oppskrifta seier. Brukte likevel ikkje så tjukke pinnar som er tilrådd til garna slik at vottane er tette. Vottane er eit perfekt prosjekt for å få brukt opp litt restar.