Nye ting

Eg gjere ting eg aldri har gjort før. Eigentleg ville eg skriva “eg gjere ting eg ikkje kan”, men så syner det seg at eg kan det jo. Har bare aldri gjort det før.

Eg spøte monsterbukse til ein heldig fireåring. I bytte med ein pose sløyd makrell, så blir det altså bukse. Då eg blei spurt om eg kunne spøta buksa så sa eg ja. Og gløymde å nemna den litle detaljen om at eg aldri har spøta bukse før. Bleiebukser er ingen problem, men det er desse beina då… Buksebein rekna eg med ville li same skjebne som sokkar og genserermer – nemleg “Second Sock Syndrome”. Raskt spøta ein sokk og deretter vert nummer to påbyrja men ikkje fullført. Så ja, eg spøte bukse for aller fyrste gong.

Men det er ikkje bare buksespøting eg gjere for aller fyrste gong no. Eg spøte begge beina på ein gong ved hjelp av magisk løkke (eller magic loop som det heiter på engelsk). Fellingane kjem på same omgongen på begge beina og stripene blir like breie på begge beina. Ingen usymmetri når eg skal gje vekk buksa. Eg trudde det skulle vera vanskeleg å spøta med magisk løkke, men når eg fyrst kom inn i det så var det enkelt. Eg nytta instruksjonane til Butt Knits og brått hadde eg byrja spøta med magisk løkke. Dei fyrste omgongane tok litt tid men deretter gjekk det unna. Eg har ingen problem med å spøta med sokkepinnar når omkrinsen er for liten til rundpinne og det går relativt kjapt. Så for min del går det seinare å spøta med magisk løkke enn fem pinnar. Det tek litt tid å bytta tråd og dra ut kabelen på pinnen når eg kjem til “slutten” og skal snu for å spøta attende. Likevel er det betre enn sokkapinnar nettopp fordi eg får gjort begge beina på ein gong og alle fargeskift og fellingar kjem på same omgongen på begge beina.

Buksa er spøta på ein 60 cm lang rundpinne og på beina nyttar eg ein rundpinne på 120 cm. Her har eg bytta farge frå mørkeblå til lyseblå. Eg er ferdig med fyrste omgongen med lyseblå på beinet til høgre og har akkurat starta på omgong nummer ein på venstre fot.