Nyoppdaga strikkeglede

Dei siste 4 vekene har eg vel vore meir eller mindre bufast i sofaen med TV-seriar og strikketøy. Prøve verkeleg å strikka denne babyen ut. Men sjølv store prosjekt som babyteppe har ingen innverknad.

Eg har ikkje strikka på mange, mange år. Det er mamma som har strikka til Storebror, men eg har ikkje tatt i eit strikketøy på lenge. Den nyoppdaga lysta til å strikka er heilt fantastisk. Og i alle fall no når eg er busett i sofaen og ikkje orke å reisa nokon stad.

Det er forøvrig Storebror som har bestemt fargane. Så det blir ein fargerik baby her i huset…

Eg er stolt over megsjølv 🙂

Nøstebarn si babyundertrøye

 

Nøstebarnteppe i 2-tråds merino (Askeladen) til nyebabyen