Seng til ein Super Storebror

Dette er eit innlegg om “Sånn”. Eg har nemleg gjort “sånn” i vinterferien. Funne fram powertools, handsag og symaskin. Med andre ord har eg gjort ting som ikkje kunne kombinerast med å sjå tvseriar.

Storebror reiste til Farmor og Farfar i vinterferien og Mannen reiste til Mormora si Nord-Trøndelag. Det var med andre ord bare eg og Maiblomen som var heime. Og denne alleinetida nytta eg fullt ut. Ikkje til det eg helst ville, nemleg bare sløva i senga heile dagen og sjå seriar og spøta. Eg sørga for at Storebror fekk nytt rom til han kom heim frå ferien. Ein del kunne eg gjera med våken Maiblom. Men syinga og saginga måtte gjerast medan han sov lurane sine. Og nok ein gong var eg glad for å ha ein sovebaby. Jobba på spreng medan eg kunne, drakk ikkje eingong kaffien min sitjande ned.

Eg driv jo dank utan pengar for tida (ulønna permisjon pga manglande barnehage til Maiblomen), så hadde ikkje så mykje pengar å leggja i nytt rom til Storebror. Men med kreativ bruk av det me allereie har så ordna det seg. Kjøpte to nye lampar og ei lita Expedithylle på Ikea, resten var i huset.

Eg kan ikkje skryta på meg å ha kome på laga slik seng heilt av meg sjølv. Eg fekk nemleg sjå bilete av ei liknande seng på eit foreldreforum eg heng ein del på. Og det var jo slik ein genial måte å laga nytt rom på med gjenbruk av allereie eksisterande hyller.

 

Rommet er rydda og dei to Expedithyllene er klare. Den store er gamal og den vesle er ny.

Sagar av beina på ei gamal seng som kjem frå barndomsheimen til Mannen.

Senga vert skrudd fast i veggen og Expedithyllene

Så var det fram med symaskina. Eit laken fekk gjennomgå og vart klypt opp og sydd om til forheng til hola hans.

Eg hadde liggjande litt stoff med funky apar på og dette vart nytta til putetrekk. I mangel av glidelås (eg hadde ikkje tid til å dra på ein lang ekspedisjon for å få tak i) så sydde eg knappar på. Men for å nytta knappar så måtte eg laga knapphol. Og det hadde eg aldri gjort før. Etter mykje prøving og feiling på ein prøvelapp så sat teknikken og det vart fire knapphol og knappar i puta.

Så er alt klart! Senga har fått sengjahest av ein planke eg hadde liggande og dei avsaga sengebeina. Kosedyra er på plass og bøkene i hylla.Det einaste som manglar er å finna eit klesskap på finn og få hengt opp att alle bileta hans.

Storebror er endeleg heime frå ferien sin hos Farmor og Farfar og innvie senga med ein einaste gong. Eg traff blink!

Musi er del av eit skuleprosjekt i klassen til Storebror. Musi var med på ferie og er med i hola til Storebror kor dei slappar av og høyrer på musikk. Det er ganske deilig å ha ein såpass kul plass og ingen litlebror som forstyrre. Det er nemleg adgang forbudt for Maiblomen her…