Peacock Shawlette – eit Påfuglsjal

Eg har ei snill mamma. Ei mamma som nok er som mange andre mødre, vanskelg å kjøpa gåver til. Stort sett så ynskjer ho seg “ei snill jente” og det har ho fått: symbolgåve til Røde Kors som er organisasjonen i hjartet hennar.

Mamma blei 75 år no i juni og då måtte ho helst få ei gåve som er betre enn “snill jente”. Ho liker godt trekantsjalet mitt MacKay og kunne tenkt seg eit sjølv. MacKay er spøta i relativt tjukt garn så det er varmt og godt men ikkje så veldig pynta.  Eg har ynskja spøta Peacock Shawlette (Ravelry-lenke) av Kitman Figueroa ei stund men har ikkje prioritert sjal til meg sjølv. Med andre ord kunne eg no kombinera gåve til mamma med å spøta påfuglsjalet. Eg kjøpte garn frå Dornröschen-Wolle, eit tynt garn i ull-silkeblanding med 600 meter på 100 gram. Fargen vart semi-solid grå, ein lys gråmelert farge.

Sjalet var raskt å spøta og sett i ettertid burde eg lese litt betre på prosjektskildringane på Ravelry. Dei saman med namnet ville gjeve meg ein indikasjon på at sjalet ikkje er av dei største og mamma ynskja seg eit stort trekantsjal. Sjalet er spøta ved å leggja opp heile blondekanten og deretter spøta oppover, og fella, mot midten på nakken. Såleis går det ikkje an å gjera sjalet større ved å spøta lenger og auka fleire gonger slik eit sjal som er spøta frå tupp til nakkekant er. Etter å ha tenkt meg om ei døger så rakk eg opp att heile det ferdige sjalet og la opp fleire masker. Oppskrifta har lagt opp med 273 masker så i forsøk to auka eg til 345 masker og fekk tre ekstra mønsterrapportar på kvar side av midten. Før eg blokka det så var det heller lite og krøllete men blokkinga gjorde susen og sjalet var perfekt.

Eg nytta 80 g garn og sjalet vart 160 cm breitt og 90 cm frå tuppen og opp til nakken.

 

Starta på Påfuglsjalet i april
Oppspent til tørk. Påfuglmønsteret kjem fram
Peacock Shawlette
Peacock Shawlette
Peacock Shawlette