Petty Harbour sokkar – tynne ullsokkar til våren

Petty Harbour sokkar er tynne ullsokkar. Og tynne ullsokkar kan ein aldri få for mange av. Problemet er jo bare at eg må spøta dei sjølv og sokkespøt er noko herk. Er ein grunn til at sokkar kan kjøpast ferdig på butikken altså.

Uansett. For ei stund sidan tenkte eg at sokkespøt kunne vera eit ok tidsfordriv når eg ikkje hadde større prosjekt på pinnane. Finastet Garnlykke har Arwetta classic frå Filcolana i utvalet sitt og eg har aldri prøvd dette før. Sisu frå Sandnes har vore det eg har spøta sokkar i tidlegare, som Åklesokken Dugnadssokken av Birger Berge.  

Petty Harbour sokkar har veldig enkelt strukturmønster med rette og vrange masker, enkelt å spøta sjølv til Netflix. Så enkelt at til og med eg klarer å få ferdig eit par sokkar på 12 dagar. 

Eg synest forøvrig Arwetta er eit litt slaskete, typisk merinogarn som strekk seg etter vask. Det er veldig mjukt, så blir nok fleire tynne sokkar i det. Må berre hugsa kva eg tenker om garnet, eventuelt nytta det til fleirfarga sokkar.

 

Petty Harbour Sokkar

Eg har spøta sokkane som låge sokkar, nesten ankelsokkar. Eg la opp til storleik Medium men såg at det vart litt for vidt sidan eg spøta med berre ein farge. Etter helfellinga plukka eg opp masker tilsvarande storleik liten og felte til det totale masketalet var samsvarte med liten. Sokken er no perfekt i fotbladet og litt vid rundt leggen. 

1 nøste med Arwetta var nok til eitt par sokkar. 

Mønsteret er gratis og kan lastast ned på Ravelry

 

Faktaopplysningar du ikkje visste du trengte

Petty Harbour er anglisering av det franske Petite Havre, som tyder lita havn. Byen er ein  småby på storleik med Hølen og ligg på Newfoundland, Canada, ikkje langt frå provinshovudstaden St John’s. 

Baskiske fiskarar brukte havna på 1500-talet og på 1600-talet hadde engelskmennene teke over.  Frankrike angreip og øydela byen i 1696 og det vart drive kaperfart i området. Les og lær på wikipedia.