Rambouillet. Og Adelaide frå Seattle

Eg skal ikkje stikka under ein stol at eg er litt meir enn gjennomsnittleg oppteken av ull, garn og saueraser. Eg vil gjerne vita kvar garnet mitt kjem frå og at det er ull utan tull.

Då eg skulle leita opp informasjon om rambouillet, gjekk det opp for meg at dvar jo ikkje berre ein fransk sauerase. Rambouillet er i tillegg ein bykommune i dei sørvestlege forstadane til Paris. Og sidan det var fredsforhandlingar her i februar/mars 1999 med bakgrunn i konflikta i Kosovo, fekk forhandlingane namn Rambouillet-avtalen. Avtalen vart forøvrig ikkje godteken og få dagar etter at forhandlingane braut saman gjekk NATO til luftåtak mot Jugoslavia. 

Hopp rett til genseren

Rambouilletvêren Cam fotografert av David Kingham (CC BY-NC-ND 2.0)

Rambouilletsauen har opphav i den spanske merinosauen. Merinoen var viktig for den økonomiske utviklinga i Spania på 14- og 1500-talet (det er ei anna historie) og eksport var forbode. Heldigvis hadde franske Louis XVI eit søskeborn som var konge i Spania og i 1783 fekk han kjøpa over 300 merinosau av Carlos III og etablerte flokken på godset Château de Rambouillet. Avlen på det som var starten på rambouilletsauen var godt etablert då Louis XVI fekk skilt kropp og hovud under den franske revolusjonen 10 år seinare. 

I Rambouillet vart avlsfokuset på merinoen annleis enn i Spania. Dei franske sauene vart avla hovudsakleg for kjøtkvalitet og dyra vart større enn dei spanske. Som eit resultat er ulla noko mindre fin enn dagens merinosau men framleis med merinokvalitet. Rambouillet har heller ikkje ekstra hudfaldar slik merinoen har fått gjennom avl gjort utelukkande for mest mogleg ull.

Vitskaplege studiar gjort frå 1920-talet og utover synte at glatte sauer (som rambouillet) hadde mindre lanolinrik (og andre voksar) ull enn merinoen. På 1950-talet fekk ein i USA ei forståing for at føremonane dei glatte sauene hadde som enklare klypping, færre klyppeskadar, mindre dobbelklypping, mindre flugeangrep, lengre lokkar og hørare utbytte. 

I 1953 konkluderte Shelton med fleire at “On this basis it appears that our present course away from heavily wrinkled sheep is a wise one, although selection pressure against folds should be based on their economic importance instead of personal prejudice” 

Hadde same studie vorte gjennomført i dag hadde nok konklusjonen vorte den same men med ein lita endring i siste del. Enklare klypping, færre skadar og mindre flugeangrep handlar alle om betre dyrevelferd. 

“… although selection pressure against folds should be based on animal welfare instead of economic importance”.

I dag har rambouillet ei vekt på 90-130 kg for vêrar og 60-90 kg for søyene. Vêren har horn medan søyene er kolla (seier Store norske leksikon. Andre kjelder seier at begge har horn men søyene sine er mindre) og ullmengda er 3-6 kg

Etter at Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia opphøyrte å eksistera i 1992, vart namnet Jugoslavia nytta om Den føderale republikken Jugoslavia frå 1992 til 2003. 

Brooklyn Tweed sitt garn Vale er spunne frå ull frå rambouillet frå Wyoming med eit tverrsnitt på 21,5 µm (mikron). Vale er eit totråds kamgarn som er vaska og kamma i South Carolina og deretter frakta til Maine kor det er spunne hos Jagger Yarn og hespene deretter farga. 

Fyrste gong husbonden var i Seattle var han utkommandert til å kjøpa garn til meg. Då kjøpte han mellom anna garn til genseren Expedition og litt garn til meg. Kommunikasjon gjennom ein tredjeperson som ikkje har snøring på spøting gjorde at eg ikkje fekk nok til ein genser til meg. Neste gong han var i Seattle fekk han ei veldig spesifikk handleliste med seg. Mellom anna skulle han kjøpa 6 hesper med Brooklyn Tweed i fargen Klimt. Eg hadde ingen planar for dette garnet, det var bare så fint at eg måtte ha det.

Det tok faktisk eit heilt år før eg fann ei oppskrift eg likte. Då publiserte Brooklyn Tweed genseren Adelaide av Isabell Kraemer. Ein rundfelt genser spøta ovanfrå og ned med hòlmønster forma som eikenøtter på berestykket og elles berre glattstrikk. Hòlmønsteret tok litt tid å memorera men bortsett frå det var genseren superenkel å spøta. Eg byrja i september 2018 og var ferdig i februar 2019. Men innimellom der hadde eg spøta fleire par vottar samt sinnasaujakka til eldste sonen. Når eg ser på notata eg gjorde i Ravalery, så hadde eg nok vore ferdig i god tid før jul viss eg ikkje hadde spøta på andre ting samstundes.

Dette var fyrste møtet mitt med Brooklyn Tweed Vale. Eg er litt usikker på kva eg eigentleg tykkjer om garnet. Det er, som merino, supermjukt. Utruleg lett med 411 meter på 50 gram. Som vanleg skylte eg opp det ferdige plagget før eg skulle forma i fasong og fekk heilt sjokk. Han seig noko så sinnsjukt! Det var rett før eg sat meg ned på badegolvet og grein fordi eg trudde han var øydelagt. Heldigvis ordna alt seg då eg blokka han til rette mål. Etter å ha brukt han eit par gonger er eg usikker på garnet. Eg elskar genseren, han er lett, varm og fin. Men eg er ikkje heilt sikker på om han sig og mistar forma si. Det er ein fingenser så det tek litt tid før eg får brukt han nok til å finna ut av dette.

Adelaide frå Seattle

Eg gjorde ingen endringar på genseren. Oppskrifta er kjøpt på Brooklyn Tweed