Sitkagran. Og om vottar

Sitkagran (Picea sitchensis) er ein gransort i furufamilien. Namnet kjem frå byen Sitka i Alaska. Og i Alaska høyrer sitkagrana naturleg heime akkurat som ho gjere langs heile den amerikanske vestkysten. Frå California i sør, nordover inn i Canada og vidare til Alaska.

I Noreg er sitkagrana ein innført art og vart planta langs kysten frå slutten av 1800-talet. Låg tilgong på frø gjorde at plantinga ikkje skaut fart før 1950-talet. I dag er det estimert at det er 500 000 dekar med planta sitkagran i Noreg og hovuddelen vart planta i perioden 1960-75 då det vart planta nesten 25 000 dekar årleg. I Nord-Amerika vert sitkagrana opp mot 700 år gamal og godt over 90 meter høg. Den høgaste sitkagrana i Noreg er å finna på Tippetue i Bergen og var 113 år og 46 meter høg i 2008.

Sitkagrana spreier seg lett, vekst raskt og trist svært godt i eit fuktig miljø og tåler saltsprut og vind fint. Ho bind meir CO2 enn vanleg gran og har høgare kvalitet på tømmeret samanlikna med vanleg gran langs kysten. Og nettopp fordi ho sprer seg så lett, truar ho kystlyngheiar og verneområder og har havna på artsdatabanken si liste over framande artar. Me er mange som ikkje er glad for attgroing av kystlyngheiene og fleire stader langs kysten er det sett i gang tiltak for å redusera mengda sitkagran.

The temperate rainforests of the Pacific Northwest are home to many species of evergreen, including the sitka spruce. Walking here you can hug the big trees, smell the moss and damp earth, and listen as the ancient trees whisper to one another. The light that filters down through the canopy far above is green and magical. 

Slik kan ein siktaskog skildrast. Men det slår ikkje furuskog. Eller aller helst ingen skog, berre lyngheier og høgfjell. Granskota er uansett superfine som vottemønster.

Svigerinna min ynskja seg hue til jol i 2017. Klart eg spøta hue. Vidare var det heilt naturleg at eg spøta matchande vottar til 50årsdagen hennar. Februar 2018 kom. Og gjekk. Ho vart 50 år og vottane var nesten ferdige. Februar 2019 kom og gjekk. Ho vart 51 år og vottane var nesten ferdige. Siste året hadde eg berre tenkt på dei. Ikkje spøta men flytta nettet eit par gonger. No var det nok! Eg fann feilen, rekte opp og gjorde ferdig den siste votten. Til slutt vart den forseinka 50årsgåva overrekt.  

Sitka spurce mittens

Mønsteret kan kjøpast som enkeltmønster eller som del av boka Pacific Knits 

Eg gjorde endringar på starten av mønsteret for at votten skulle bli lang nok. Starta mønsteret på rad 1 og ikkje 15 så votten fekk ein halv mønsterrapport meir enn oppskrifta tilsa. Tommelkilen starta fyrst på rad 9 slik at brotet sat rundt handleddet og ikkje sklei opp i handa. Samstundes flytta eg tommelkilen fire masker inn i handa.

https://www.nibio.no/nyheter/sitka–lovprist-og-svartelista/ vitja 27. mars 2019

https://www.uib.no/arboretet/67165/sitkagran-picea-sitchensis vitja 27. mars 2019

https://www.ntbinfo.no/pressemelding/norges-hoyeste-traer?publisherId=89419&releaseId=109902 vitja 1. april 2019

https://www.miljostatus.no/Sitkagran/ vitja 27. mars 2019

https://no.wikipedia.org/wiki/Sitkagran vitja 27. mars 2019

Elven R, Hegre H, Solstad H, Pedersen O, Pedersen PA, Åsen PA og Vandvik V (2018, 5. juni). Picea sitchensis, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2019, 27. mars) http://artsdatabanken.no/Fab2018/N/537