Sokkegåve

Sokkespøtinga mi er ganske rusten. Det er lenge sidan eg har gjort det og heilt ærleg så synest eg det er ganske kjedeleg å spøta sokkar. I det siste (dvs etter at eg  traff Mannen) så er det Storebror og Maiblomen si Oldemor som har levert sokkar til oss her på Strilalandet. Sjølv om det gjere vondt å tenka på så kjem det på eit eller anna tidspunkt å bli slutt på Oldemorsokkar. Og då er det nok eg som må ta over…

Det er berre ein ting å gjera då – nemleg øva. Etter iherdig spøting vart eg ferdig. To stykk sokkar og eg unngjekk Second Sock Syndrome med eit naudskrik. Eg knakk den eine pinnen og det var ganske så irriterande å spøta sokkar på fire pinnar i staden for fem. Sokkane er Sokkar i 3-tråds garn  frå Strikk til Nøstebarn. Eg har spøta dei i Silja frå Gjestal på pinnar nummer 3,0 mm.

I dag skal eg pussa litt på glorien min 🙂 Storebror har ei kjær venninne i nabohuset som han er så glad i. Før jul såg han eg hekla Ice Princess og ville eg skulle hekla eit panneband til venninna óg. Då sa eg nei, hadde eigentleg meir enn nok å gjera på før jul. Starten på 2012 har vore dårleg sånn i høve til spøtinga mi. Eg har utsett og fortrengt det faktum at eg må rekka opp att skjørtet mitt samt gjera delar av Mariusdressen på nytt att. Og då har eg gjort småspøt i staden for. Og det var jo supert å få trent på sokkespøtinga og gjera Storebror glad samstundes. Han hadde ei gåve til venninna si 🙂

 

 

Då eg var ute i hagen for å ta bileta av sokkane gjekk det opp for meg at det faktisk er vår her. Snøklokkene er jo i full blom. Eigentleg er eg i fornekting for eg vil så gjerne ha snø og gå på ski og aka. Må nok ha tolmod og venta til neste vinter.