Speidargenser til søtaste speidarguten

Alle speidarar treng vel ein speidargenser? I alle fall viss dei har i mor som liker å spøta. Men speidergenser kom like brått på meg som det å ha ein speidar gjorde.

Eg fekk nemleg brått fekk eg speidar i hus. Midt i verste pestperiode fann han ut han skulle bli speidar. Kompisen hadde nemleg i lang tid snakka varmt om speidaren, og no skulle avkommet byrja. Han fekk med eitt møte før alt stengte ned att… 😅

Men det eine møtet var nok. Speidaren var midt i blinken og no er han hekta. Og har fått mor med på moroa.

Speidargenser

Men som seg hør og bør, må jo ein speidar ha ein speidargenser. Helen Moe Slinning (@smileull og @smileullstrikk på instagram) laga mønster til KM-speidarane i 2018 etter fyrst å ha spøta til husets eigen speidar i 2014. Og i 2019 kom ei omarbeida utgåve til Norges speiderforbund av Aud Solveig Eiken Nødtvedt.

Speidaren her hos oss har sjølv valgt fargar og endte opp med ein gråfarge som likna speidarskjorta og blåfargen er frå skjerfet. Fekk lagt opp i jula 2021 og spøta litt innimellom skiturar, aking og brettspel og deretter var det spøting i pausane på jobb. Og den dagen eg vart ståande fast på isen med hekken i eit tre, så hadde eg heldigvis spøt og kaffi medan eg venta på å bli taua laus.

 

Fornøyd speidar

Eg brukte ikkje så lang tid på genseren. Og speidaren i hus blei veldig fornøyd. Mor hadde og blitt fornøyd viss han faktisk hadde brukt genseren. Men med ein unge som er allergisk mot varme, fornuftige kle og helst spring rundt i shorts og tskjorte heile året, så er eg glad for at han faktisk tar på seg ullgenser ein gong eller to i året. 

Tilpassing til FA-speidar

Han er med i Moss FA speidargruppe, den einaste frelsesarmespeidargruppa i Follo krets. Eg tenkte eg skulle få med dette i mønsteret, så pønska i lang tid på korleis eg skulle få det til. Logoen til Frelsesarmeen er raudt skjold med frelsesarmeen på tvers og ikkje så enkelt å få til på dei 18 maskene (ein mønsterrapport) eg hadde tilgjengeleg. Livbøyen med tjene – verne som er speidarane sin logo er heller ikkje så enkel å få til. Men så kom eg på at Jørgen Johnsen (@johnsenknits på instagram) har designa eit par vottar, Utstrakt, kor han nytta stjerna frå Frelsesarmen sitt flagg. Oppskrifta til vottane er gratis, men Jørgen oppfordrar dei som vil spøta dette mønsteret til å donera ein liten sum til ein frivillig organisasjon. 

Eg tok utgangspunkt i Jørgen si stjerne frå flagget, men måtte ta vekk nokre masker både i høgda og bredda for å få det til å passa med mønsterrapporten.

Oppsummering lenge etter

Det er lenge sidan eg skreiv og tok bilete. Men det å klara å ferdigstilla dette innlegget går omtrent like raskt som å spøta vottar eller sokkar. Med andre ord ubeskriveleg lang tid. Men speidarane har faktisk nytta genseren litt meir. Gensereren var med på kretsleir, ikkje berre i sekken men faktisk på kroppen hans og. Mor var imponert… 

Speidargenser oppsummert
Endringar
  • Eg la opp til XS og spøta halskanten før eg auka til S på bolen.
  • Halskanten er spøta dobbel og bretta ned.
  • Bolen er lengre enn oppskrifta seier.
  • Erma er lengre enn oppskrifta seier.
  • Ekstra lange brot på erma med hol til tommelen. Hola er plassert 11 masker før midt under på høgre erme og 11 masker etter midten på venstre erme.