Spektralsjal – Adventskalender 2018

Det store høgdepunktet i 2018 var adventskalenderen frå NinaPetrina. Det store høgdepunktet i 2019 blir adventskalender frå NinaPetrina. Så då er det på tide at eg faktisk skriv om adventskalenderen frå 2018

Adventskalenderen 2018 besto av (heilt utruleg nok) 24 deler. 24 små hesper av norsk lammeull frå Hillesvåg farga i fantastiske fargar. Og til slutt kom oppskrifta. Eit kjempestort trekantsjal designa av Elisabeth Steenks (@_strikkelisa_ på instagram). Men då var eg på hytta og alt det fine garnet var heime! 

NinaPetrina handfargar med syrefargar. Ho er biolog og har fokus på miljø og dyrevelferd. Ingen av garna henna er superwashbehandla med hercosettprosessen (kor ullfibrane vert dekka med eit polyamidlag) og garn som ikkje er norsk kjem frå ein produksjon med fokus på økologi og fair trade.

Ull slik ull skal vera!

Eit spekter av fargar til Spektralsjalet!

Av dei 24 hespene har eg plukka ut 14 til å spøta Spektralsjalet. Kvifor akkurat 14? Jo, enkelt og greitt fordi det var et som sto i oppskrifta. Og eg brukte akkurat dei same fargane i den same rekkefølgja som i oppskrifta. Kvifor endra på noko som likevel er perfekt?

Eg blir så glad av fargane i sjalet. Det er sinnsjukt stort og heilt perfekt å ha rundt seg når ein frys. Anten det er inne i stova, ute ein sumarkveld. Eller på eit iskaldt fly frå Nice til Oslo midt på natta. Akkurat det siste punktet aleine er verdt all tida eg brukte på å spøta sjalet mitt. Det gjekk raskt å spøta med rillestrikk. I fyrste delen er det auking fire ulike stader – kvar side og langs midtmaska, medan det kun er auking i eine sida på slutten. Stripene på sjalet gjev ein asymmetrisk trekant. I superduperfine fargar.

Spektralsjal

Eg gjorde absolutt ingen endringar på mønsteret. Nytta nøyaktig dei same fargane som Elisabeth Steenks gjorde i oppskrifta.