Det har vore utfordrande å driva heimeskule for to born som heller vil tilbake på skulen. Med ein i borneskulen og ein på ungdomsskulen, så har dei hatt ulike krav og ulike måtar å jobba på. Begge treng fagleg oppfølgjing og begge treng fysisk aktivitet.
I denne rare tida har eg spøta litt forskjellig, mest sokkar, men det har gått så utruleg treigt. Det krev mykje mental energi å driva heimeskule så eg har ikkje hatt korkje den fysiske energien til å spøta, eller den mentale kapasiteten til å konsentrera meg om spøtinga. Etter at skuledagen er over, så har eg vore i limbo og meir eller mindre bare eksistert. Skogen har vore den store redninga. Tur med Nanna, med resten av gjengen, eller berre aleine. Denne rare våren har me nytta skogen mykje meir enn me har gjort tidlegare.
Skogen er verkeleg gull verdt!