Tromsøhoodie – Marianne ser ut som Kenny frå South Park

Då eg spøta Villmarksgenseren oppdaga eg at det var ein trend. Ikkje berre innan friluftsliv- og hundekøyrarmiljøet, men generelt blant folk. Og som om ikkje det var nok, så har eg kasta meg på enno ein trend: Tromsøhoodie! Denne gongen med vitande og vilje. Eg tenkte nemleg at ein balaklava slik som Tromsøhoodie ville vera ganske så greit å ha under anorakkhetta på fjellet. 

Og det er stikkordfrasen her: Under anorakkhetta på fjellet! For aldri om eg har tenkt å syna meg i sivilisertet strøk med denne hua. Eg ser ut som Kenny frå South Park. Alternativt ein gjennomsnittleg treåring på veg til barnehagen på vinterstid. 

Eg burde gjort litt meir undersøkingar då eg kasta meg på barnehagehuetilvaksnetrenden. Det er greit at oppskrifta er gratis. Men passforma er heilt ubrukeleg for meg. Eg endra strikkefasthet på forsøk nummer to og då vart det litt betre. Det eg burde gjort etter forsøk ein, var å finna ei anna oppskrift med betre passform. Det er ikkje ukjent at eg er ein smule lat, så er orka ikkje rekka opp att heile hua for andre gong og så starta på ein heilt ny balaklava. På fjellet er det Function over Fashion!

Vinterferie

Eg tok bileta av Tromsøhoodien då me var på vinterferie. Ein vinterferie som kan oppsummerast med mykje vêr. Det starta med tjukk skodd og mildvêr og gjekk så over til mildvêr og mykje vind. Heldigvis kom sola i sluttten av veka så det var ikkje berre trasig. Hytta ligg ganske i ly sjølv om det bles godt i fjellet. Det var fine, sløve utedagar med aking og bålpanne ved hytta, trugeturar, bål i fjellet og skiturar. Må heller ikkje gløyma den viktigaste av alle hytteaktivitetar: Brettspel på kveldane. 

Barnehagehue for vaksne

Til sitt bruk, så er dette ei grei hue. Men eg skulle undersøkt betre og funne eit anna mønster med betre passform for meg. Oppskrifta er gratis og kan lastast ned her