Ut på Tur aldri Sur

Med meir eller mindre jamne mellomrom så leite eg på Finn.no etter gjenstandar som er til sals eller som vert gjevne vekk. Som oftast er det masse eg korkje har lyst på eller eg har bruk for, men innimellom kjem det ein godbit. For nokre veker sidan kom eg over ein slik godbit: Sybord. Og det vart gjeve vekk. Eg har lenge hatt lyst på eit slikt sybord og endeleg hadde eg lukka med meg. Då fekk no bare vera at sybordet var lokalisert i Bøvågen i Nordhordland – eg fekk ein skikkeleg roadtrip på ein heilt vanleg onsdag.

Det vart ein lang tur på 180 km for å henta sybordet. Nordover køyrde eg vegen google føreslo, nemleg riksveg 565 på austsida av Radøy nord til fylkesveg 409 slik at eg kom til Bøvågen frå nordaust. Og vegen her var rett og slett interessant. Smalt og svingete og fekk vegen hos oss til å framstå som reine motorvegen. Etter å ha fått sybordet i bilen sat eg kursen sørover på Radøy. Det var lunsjtid og eg tenkte at kanskje administrasjonssenteret Manger hadde ein liten kafe. Eg var ikkje så kravstor – bare ein liten stad med stolar og bord og eit golv Maiblomen kunne krabba litt på. Men det synte seg eg tok feil – ingenting slikt å finna i Manger eg måtte heilt til Knarvik. Resultatet på lunsjfronten vart den kulinariske høydaren skulebolle frå Rema1000 og kaffi frå YX medan Maiblomen fekk ein skalk å gnaga på. Han sovna rett etter me køyrde frå Manger og sov til Loddefjord så det vart ikkje kafestopp på oss i det heile teke.

Til trass for manglande kafetilbod fann eg likevel gull i Manger. Eg fann nemleg strikkebutikken Jannickes Hjemmekos medan eg køyrde rundt dei fire bygga i sentrum på kafejakta mi. Snakk om å finna gull ein heller traurig onsdag. Regn og vind i slike mengder at Sotrabrua hadde vore stengt på natta og tidleg morgon og deretter ingen kafe å finna. Og så dukka det opp ein strikkebutikk 🙂 Jannicke fører garn frå Dale, Sandnes, Du Store Alpakka, Hillesvåg Ullvarefabrikk og Viking of Norway. Eg hadde så absolutt ingen planar om å kjøpa noko som helst før eg var ferdig med dei prosjekta som allereie var i gang. Men så stoppa eg opp då eg kom til Viking of Norway-hylla og plukka med meg nøster med Nordlys. Då blir det tynne ullsokkar og ribbebukse til Maiblomen i effektgarn. Eg har med andre ord allereie starta å planlegja barnehagesesongen.

 

Her er sybordet er køyrde langt og lenger enn langt for å henta. Den øverste skuffa har god plass til alle småting; pinnemål, målband, stoppenåler, sokkapinnar, saks, maskemarkørar og alt anna som trengst. Skuffa under har plass til påbyrja prosjekt.

 

Sybordet er vel plassert i kroken min med strikkebøker og oppskriftspermen oppå. Eg treng ei hylle til bøkene og då treng nok sybordet ein hekla duk i tynn bomull. Men begge dei prosjekta får nok venta litt.

 

Litt av garnet eg kjøpte hos Jannicke. Eg like så godt ullbukser og sokkar i effektgarn og då må rett og slett Storebror og Maiblomen finna seg i at det er det dei får.

 

På tur gjennom Nordhordland. Eg bur ikkje i rundkøyringa på Kolltveit, men ein plass på Strilalandet måtte eg no setja markøren.


Vis større kart