Varm Puls

Sommaren på Strilalandet har så langt ikkje vore varm av seg. Og eg er ein frysepinn så kombinasjonen kald sommar og frysepinn er ikkje akkurat optimal. Tidlegare i vår så kjøpte eg litt alpakkagarn frå Drops og fram til no har det samla støv. Eg prøvde meg fyrst på ei oppskrift frå Drops, Drops 86-3, men alpakka, meg og denne oppskrifta gjekk ikkje overeins. Så eg rekte opp att og starta på nytt med bare rette og vrange maskar.

Eg fekk meg korte pulsvarmarar som er perfekte ein kald sommardag. Og vil varme godt utover hausten óg 🙂 Og så må eg bare innsjå at alpakka og eg ikkje er bestevener og heller styra vekk frå det seinare.