Villmarksgenseren – varm og god rett av pinnane

Eg har spøta Villmarksgenseren. Du veit, den med potemønster som Linka Neumann (@valleyknits på instagram) har laga. Den som hundekøyrarar og friluftsfolk har brukt dei siste åra. Jupp, den ja: Villmarksgenseren.

I mi vesle instagramboble  er det berre friluftsfolk og hundekøyrarar som går med denne genseren. Og alle har han sjølvsagt i Álafosslopi frå Istex. Skikkeleg ull til skikkeleg genser til bruk ute på tur. Og ein slik genser skulle eg ha.

Eg kjøpte boka Villmarksgensere av Linka Neumann og kosa meg med planlegging. Lysta til å spøta var fråverande på dette tidspunktet, og då vart planlegginga veldig viktig for meg. Samstundes oppdaga eg at det var ei eiga facebookgruppe for designa hennar. Og det var der eg oppdaga det.

Eg har kasta meg på ein trend! 

Ingen trendsetjar – kun ein rævediltar

Brått spøtar eg noko som “alle andre” spøtar. Eg som stolt har klart å unngå alle trendar. Vel, bortsett frå bleiebukser til tøybleieborna mine då dei var nyfødte. Eg vil likevel påstå at sjølv om bleiebuksetrenden var stor i eit lite miljø, så er villmarksgensertrenden enno større. Og folk nyttar all slags garn og spøter seg tjukkegenserar, litt tjukkare genserar til ytterplagg, eller tynnare genserar til innegenserar. I alle fasongar og alle fargar – folket spøtar til seg seg sjølv og til andre. Heilt klart ein trend. Og no er eg med. Eg oppdaga ikkje gensaren spesielt tidleg, så eg kan ikkje akkurat kallast ein trendsetjar. Når eg endeleg får somla meg til å spøta han, så har alle andre gjort det før meg. Er rett og slett ein rævediltar. Nokon må jo inneha den rolla og, så det kan like godt vera meg.

Som eg skreiv i forrige innlegget mitt, så mista eg heilt lysta til å spøta. Dette jolegåvespøtet eg dreiv på med vart ei plikt og ikkje ei glede. Det er altså mogleg at eg ikkje spøter jolegåver i år. Etter det som verka som ei uendeleg lang ventetid kor eg oppdaterte appen frå Posten ganske ofte, kom det endeleg pakke til meg. Ein etterlengta pakke full av garn frå islandske sauer; Álafosslopi frå Istex

Spøting og ikkje pakking

Då var det berre å kasta seg rundt. Fram med pinnane og spøta prøvelapp. Garnet er så tjukt at det vil utgjera ganske mange cm å ha ei maske mindre eller meir per 10 cm. Så snart prøvelappen var unnagjort og eg hadde fått målt og rekna, så sat eg i gang med spøting av Villmarksgenseren. 

Og det var så kjekt!

Det var akkurat det eg håpa på: At den manglande lysta skulle forsvinna som dogg for sola og eg igjen fekk kjenna på gleda over å spøta. Tjukt garn og tjukke pinnar går raskt unna og genseren vaks time for time. Som jo ikkje er så rart når eg ignorerte alle joleførebuingane heime og pakking til jolefeiring på hytta. For endeleg var det kjekt å spøta att.

Uansett så kom me oss avgarde til hytta. Mykje god mat og drikke, vintertøy og ikkje minst jolegåver vart frakta til fjells på skuter. To hengarar faktisk for å få alt med oss.

Marianne har på seg villmarksgenseren i grått og med oransje poter. Ho går på truger i snøen og bak ho står ein skotsk hjortehund
Ut på tur med ein gong den siste tråden var festa. Trugetur til Skriutjenn

Då eg endeleg var ferdig med Villmarksgenseren (tok 12 dagar), var det rett ut med ein gong trådane var festa. Eg hadde ikkje eingong tid til å skylla genseren og la han tørka. Måtte ut med ein gong. Genseren levde opp til forventningane. Eg brukte han på alle turane min. På ski på høgfjellet. Trynings i snøen. Trugetur med Nanna. Og eg var like varm og god uansett.

 

Utetid med ski og Villmarksgenseren

Det kom omlag 80 cm nysnø byrjinga av romjola. Saman med vindstille, perfekt smurning og passe mange kuldegrader, fekk me nokre fine skiturar. Det blei og aking og trugeturar. Brettspel og ikkje minst mykje god mat. 

14 dagar på hytta heit aleine. Det næraste me kom folk var spora etter to som gjekk på randoneeski samt at me såg skuteren til ein hytteeigar lenger inne i fjellet som var oppe og sjekka på hytta si.

Kos deg med litt skrytebilete frå jolaferien vår.

Villmarksgenseren

Eg har spøta Villmarksgenseren med omlag 10 cm bevegelsesvidde. Genseren har omkrins på 120 cm (mitt mål kring bringa er 104 cm). Eg har spøta han med god lengde på bolen (68 cm totalt) og erma (48 cm) slik at eg er varm over hoftene og henda. Genseren var rask å spøta og oppskrifta godt skrive. Oppskrifta kan kjøpast som enkeltoppskrift på Ravelry, elles finst ho i boka Villmarksgensere utgjeven på Aschehougs forlag.

Viss du har lese heilt heit og har lyst til å sjå Villmarksgenseren i bruk: Klikk her.