Opptur og nedtur – prosjektstart

Ingenting er så tilfredsstillande som å bli ferdig med eit prosjekt. Kjenna inni deg at du er skikkeleg stolt over arbeidet som er gjort og tilfreds med at du har laga eit så fint plagg. Då kan ein med rette klappa seg sjølv på skuldera for godt utført arbeid.

Høg på meg sjølv og klar for neste prosjekt. Kjenner gleda og veit eg kan meistra kva som helst. Uansett. 

Og då kjem det: 

Nedturen! 

Det er jo sjølvsagt noko som må førebuast før oppstart. Kan ikkje berre ta fram garn og pinnar og setja i gong med noko eg har gleda meg til i månadsvis. Denne gongen er det ikkje berre den vanleg oppnystinga av hesper. Seks stykker for å vera nøyaktig. Denne gongen må eg til og med vega kvart einaste hespe og rekna ut kor mykje ein tredjedel utgjer. Og alt eg vil er å spøta. 

M E D  E I N  E I N A S T E  G O N G!

Må vega alle hespene til heksatonsjalet. Dette er film to i serien “Marianne lærer nye ting – videoredigering i Adobe Premiere Pro”

Eg kjøpte NinaPetrina sin adventskalender for 2019 i bursdagsgåve til meg sjølv. 12 hesper kor halvparten var handfarga av NinaPetrina og halvparten spesialfarga av Hillesvåg Ullvarefabrikk. 6 av hespa skal no bli sjal – Heksatonsjal av Elisabeth Steenks/@strikkelisa. Oppskrifta kom i luke 24 på adventskalenderen men er no tilgjengeleg i boka Strikk med gradienter 2 av NinaPetrina.

Seks hesper med garn i rosatoner som utgjer ein gradient.

PS: Har berre nysta opp fyrste hespet. Måtte koma i gong så fort som mogleg