På hytta har eg eit lite utval av garn og pinnar. Held på med nokre sokkar (som må rekkast opp att og spøtast på nytt) og vottar. Og sjølvsagt eit stort prosjekt til meg sjølv.
Eg starta på Damejakken Stril med stil av Ann Myhre i påska 2019 og har spøta kvar helg og ferie me har vore på hytta. Trøya har vore med på tur og eg har sete i sofaen og spøta til langt på kveld. Med andre ord burde eg absolutt vore ferdig no.
Det var så nær så nær men eg klarte det ikkje. Legg skulda på alt for mykje lesing av Harry Potter og brettspel og for lita tid til å spøta.
Eg mangla ein einaste dag for å bli ferdig. E I N D A G ! Men så måtte me heim. Det siste eg fekk gjort før me sat kursen heimover, var å klippa opp trøya og gjera ho klar til å sy inn klippekantane.
One thought on “Alt for kort vinterferie”