Hyttepledd med stripedilemma

Sjølv om vinterferien vart for alt for kort, vart eg til slutt ferdig med Stril med Stil (lovar eg skal skriva om det). Då trengst eit nytt stort prosjekt på hytta: Pledd til meg sjølv. Eg er som kjent ein frysepinn og frysepinnar treng hyttepledd for å halda seg varm.

Prøvelapp er for pingler

Pleddet mitt skal vera regnbogefarga med grå striper. Regnbogefarga Aade lõng og grå dansk pelsuld. Det blir superbra! I teorien. For eg la opp 350 masker på pinnar 3,5 og sat og sat i gong med spøtinga. Etter 6 cm iherdig spøting innsåg eg at dette såg litt breitt ut. For eg hadde jo ikkje spøta prøvelapp – det er for pingler. Og for dei som liker å ha kontroll. Men eg køyrer på utan prøvelapp. Måtte måla pleddet mitt og det er altså 198 cm breitt og ikkje dei 150 cm som eg la opp til.

Dilemma

Kva skal eg gjera vidare?

Eit stripete pledd kan bare ha stripene på tvers. Kun på tvers. Ikkje på langs. Så skal eg spøta eit pledd som er to meter breitt og som eg sikkert ikkje har nok garn til å laga 3 meter langt? Skal eg spøta eit pledd som er 2 meter breitt og kun 1,5 meter langt? Men då må eg bruka det med stripene feil veg. På langs. 

Eller skal eg rekka opp att og leggja opp færre masker slik at stripene går rett veg?

Det var dette eg hadde sett for meg. Sitja i ro og mak på hytta medan eg spøta på pleddet mitt. Når hausten kom og det etter kvart vart kaldare i vêret, så ville pleddet veksa og dekka beina mine. 

Og det er horisontale striper! For det er det einaste logiske – eit pledd kan ikkje ha striper på langs. Dei må vera på tvers.

I ei ideell verd får eg sitja i fred og spøta på hytta. Sakte men sikkert vil regnbogeteppet mitt veksa seg større og dekka beina. Med horistonale striper!

No må eg bruka tida fram til neste hyttetur på å bestemma meg. Skal eg spøta vidare på hyttepleddet og få striper på langs? Som eigentleg ikkje går an å ha. Eller skal eg rekka opp att, leggja opp færre masker og få striper på tvers? Som jo er det einaste som går an på pledd.

Fargerikt hyttepledd med horisontale vs vertikale striper
Striper på langs eller tvers?