Spøt på Gaustatoppen. Gamle tanter blir sjokkert

Jolegåve til fedre er vanskeleg! Dei har stort sett det meste og gjev ubrukelege svar som “snille born” når du spør kva dei ynskjer seg. Og så er det gjerne ikkje samsvar mellom kva dei legg i omgrepet “snille born” og det du legg i det.

I år har eg spøta hue og skjerf og sendt vestover. Kjøpte garn på Garnlykke og reiste til fjells. Så då sat eg der på Gaustatoppen, drakk kaffi og åt boller steikt på primus medan eg spøta. 

Er spøtet verkeleg med til Gaustatoppen?

Samtale med ei lettare sjokkert tante etter at eg delte dette bilete på instagram:

Tante: – Det er ingen som har spøt med seg på Gaustatoppen.
Meg: – Spøtet er alltid med!  

Ja, spøtet er alltid med. Det er ikkje alltid så lett å vita kortid eg har ein liten pause og litt tid å fylla. Eller når andre går litt lenger enn meg og eg då kan sitja og slappa av. Sidan det var kø opp til Gaustatoppen og kø på Gaustatoppen, så var det greit å sitja der og slappa litt av før me skulle nedover att. I kø!

Turen opp er flott og utsikta fantastisk. No har eg vore her for andre gong, til og med i strålande solskin denne gongen, og då treng eg ikkje gå på denne toppen fleire gonger.

Jolegåve til fedre 

Målet mitt var å bli ferdig med jolegåvene i august og jammen meg klarte eg det. Eg spøta eit heilt enkelt ribbeskjerf til og ei hue med fletter til pappa. Garnet eg spøta i er Fado frå Fonty, Det er ei blanding mellom Arles merino frå Provence og merino frå Portugal og er skikkleg mjukt og godt, men samstundes kjennest det fastare ut enn merino frå Australia, New Zealand eller Sør-Amerika. Garnet kjem kun i naturlege sauefargar eller ei blanding mellom ulike fargar; frå sauekvitt til sauesvart via ulike brunfargar. 

Jolegåve til fedre kan vera enkelt. Det krev litt innsats og føremonen er at fedre stort sett er enkle å gleda.

Hue med fletter

Mønsteret er eit gratismønster som kan finnast på Ravelry. Flettemønsteret er enkelt å spøta og det gjekk raskt å laga hua. Eg spøta med litt tynnare pinnar enn det oppskrifta seier for å få ei fast som held fasongen. Eg laga og eit ekstra langt brot slik at hua varmer godt over øyrene.

Enkelt skjerf

Eit superenkelt skjerf å spøta. Eg la opp 49 masker og spøta 1 rett og 1 vrang til det var passe langt. Tok fyrste maska på kvar pinne laust av for å få ein fin kant.