Spøtet må med på tur. Alltid!

Ut på tur – aldri sur!

I alle fall i teorien. Men rett som det er skjer det at det er Ut på tur – alltid sur. Den enklaste måten å unngå at eg er sur på tur på, er å sørga for at eg får i meg nok mat (dvs snop og sjokolade og kaffi) undervegs. Og ikkje minst: Spøtet må med på tur. 

Mange (som Husbonden og ungane mine) vil nok påstå at eg er riv ruskande gal som har med spøtet på fjelltur. Sekk med ulltøy, kaffi, mat. Og på toppen av det heile så er spøtet med. 

Jacqueline Cieslak har arrangert ein sommarsamstrikk i juli og august.Eg har vore med på denne og spøta toppen Sol. Blei ikkje ferdig i løpet av samstrikken fordi eg gjekk alt for mykje på fjellet og las alt for mykje. Fekk likevel spøta på fjellturar og hatt fine, rolege stunder i fjellet. Toppen blir ferdig i løpet av hausten ein eller anna gong. Det blir jo sumar neste år og.  

Sol er spøta i lingarn frå La Drogueri i Nice. Fint ferdaminne som no blir fin topp. Har teke bilete undervegs i spøtinga på fjellet. Og ikkje minst blei eg fotobomba av søtaste niåringen. Fargane på toppen i grønt og grått går i eitt med steinane og laven på fjellet. 

Stripete strikketøy med raudt, lilla og grått med ei bålpanne
Ein perfekt grilla marshmallow

Det er ikkje berre på fjelltur eg har spøta. Middag ute, bålpanne, marshmallows og utsikt mot Haglebu kan fint kombinerast med spøtet. Eg var skikkeleg usikker rundt 17. mai kva eg skulle gjera med hyttepleddet mitt. Rekka opp og spøta stripene på tvers eller halda fram? Eg landa på å halda fram så no blir det altså eit randete teppe.

Gaustatoppen

Over 100 000 vitjar Gaustatoppen i løpet av eit år. I 2020 har eg vore ein av dei. 5 km i kø frå Stavsro i ur opp til DNT-hytta som er nesten på toppen. Og der haldt køen fram ut til den verkelege toppen.

Kø + ur = sur på tur

Langt frå perlehumør i alle fall. Det kom seg med kaffi og ikkje minst nysteikte trangia-bollar. Og nok ein gong: Spøtet må med på tur. Før me tok til på fem km i kø i ura på returen. Neste gong skal me heilt på toppen, men då tar me banen opp.

3 veker på hytta!

Tre veker på fjellet. Mange turar. Nokre lange. Nokre korte. Nokre for å plukka molter (ikkje eg) og nokre for å hoppa i dammar (heller ikkje eg). Lange turar med mat og drikke og god tid til sløving. 

Dette var tredje sumaren i fjellet etter å ha overteke hytta på våren 2018. Terrenget og fjella rundt hytta er supert. I regn og skodde kan me tusla inn til Skriutjenn. På dagar med litt betre vêr kan me gå på Bugrovfjellet eller til Eiketjenna. Og på fine dagar kan me gå langt innover dei namnlause (på kartet) fjella. Denne ferien tok me turen til Madonnastatuen i Trillemarka. Stein, trapper og flott utsikt til slutt. No er den turen unnagjort og kome på lista over turar eg ikkje har tenkt å gå fleire gonger. Ein anna langtur me gjekk var over Haglebunatten frå Grønnli til Haglebu. Fin tur, men Husbonden måtte gå tilbake til Grønnli for å henta bilen. Neste gong blir det både start og avslutting på Grønnli. 

Fjellet altså!