Har Kapteingenser – Manglar Båt

Kapteingenser frå Rauma er endeleg ferdig og det tok si tid. Det har vore usikkerhet, frustrasjon, feilspøting. Målingar og utrekningar og eg måtte rekka opp att og spøta på nytt. Når sumarvarmen endeleg kom så var eg ferdig med Kapteingenser. No manglar eg berre ein båt… 

Marianne har på seg raud og grå kapteingenser og lilla shorts. Er hoppande glad
Hoppande glad når Kapteingenseren endeleg er ferdig
Garn: Baby alpaca frå Blue Sky Fibers

Pre-Korona reiste husbonden til Seattle ein gong i året. Og kvar einaste gong kjøpte han med garn heim til meg som plaster på såret for at eg fekk ansvar for matlaginga ein 10 dagars tid. I 2016 kjøpte han med fantastisk mjukt alpakkagarn (sendte sjølvsagt bestilling) frå Churchmouse Yarns & Teas: Baby alpaca frå Blue Sky Fibers. Nok garn til ein genser, men eg hadde (som vanleg) ingen klar plan for kva eg skulle spøta. Så eg har venta. Leita. Lese oppskrifter. Venta litt meir. Alt eg visste var at eg absolutt ikkje hadde lyst på ein stripegenser men heller ein meir tradisjonell genser med fleirfargespøt. Så eg venta litt til. Lurte på om eg skulle bruka bøkene frå Annemor Sundbø og plukka ulike border og setja saman. Tenkte litt til. 

Baby alpaca har strikkefasthet på 20-24 masker per 10 cm på pinnar 3,25-3,75. Og sidan det er alpakka ville eg spøta ein genser med så høg strikkefasthet som mogleg for å unngå siging. Og enno hadde eg ikkje funne ein genser eg hadde lyst å spøta.

Tida går. Eg sjekka innom Rauma sine sider med jamne mellomrom, og brått var Kapteingenser lagt ut som gratis oppskrift. Eg hadde sett på denne tidlegare, men var lite lysten på å kjøpa fire nøster garn for å kjøpa oppskriftsheftet. Skal jo spøta opp det eg har i størst mogleg grad før eg kjøper nytt.

Garnbytte = matematikkunnskapane må fram

Orginalgarnet til Kapteingenser er Rauma Petter, eit superwashgarn med strikkefasthet 20-22. Garnalternativa frå Rauma er 3-tråds strikkegarn, Mitu og Puno Petit. Alle desse har anna strikkefasthet enn Baby alpaca som eg skulle spøta i. Og då må eg jo gjera det eg hatar over alt når det gjeld spøting: Prøvelappen!

Eg skreiv om strikkefasthet og siging då eg spøta den høgt hata men så viktige prøvelappen. Har aldri rekna, målt, tenkt og vurdert så mykje som eg gjorde denne gongen nokon gong tidlegare. I alle fall ikkje når det gjeld spøt – har kanskje gjort like mykje tenkearbeid i samband med betalt arbeid.

Samling av handskrivne notat
Tok mange sider med notatar
Stemte utrekningane mine?

Det mest spennande med å vera verdig var om alle utrekningane mine stemte. Kunne eg ekstrapolera frå 15 cm erme til ein heil genser? Eg spøta ermer og bol til den utrekna lengda. Då eg kom til berestykket var eg lei av utrekningar og berre sat i gang med spøtinga og satsa på at det skulle gå bra. Og det gjorde det jo stort sett. 

Teoretisk vekst:
* Ermer 10 %
* Bolen 12%

Resultat

Bolen vaks  med dei 12 % eg hadde estimert. Erma hadde derimot heilt perfekt lengd før vask! Eg vurderte ei lita stund å ta opp att berestykket og rekke opp den øverste borda på erma og bol men fann ut at det vart for mykje arbeid. Og på dette tidspunktet var eg lei av genseren min og ville berre bli ferdig. Heldigvis vaks ikkje erma meir enn 2 cm (5 %) i vask og eg kan leva med at dei er 2 cm for lange. 4 cm hadde blitt for mykje! Etter vask vart genseren 55 cm totalt noko som er 8 cm kortare enn oppskrifta seier. . Eg spøta genseren til storleik L og denne skal vera 63 cm i heil lengd. etter Av ein eller anna merkeleg grunn vaks ikkje berestykket  

Eg gratulerar meg sjølv med god planlegging og
god utnyttinga av matematikkunskapane mine!
Marianne har på Villmarksgenseren og er dekka av snø
Marianne
Glad i garn
Kapteingenser

For å få ein genser i storleik L (108 cm) la eg opp 258 masker. Alle bordene i genseren er deleleg på 12, men ikkje alle er deleleg på 6. Heldigvis syner det ikkje i sida at to av bordene i mønsteret ikkje stemmer overeins. 

Erma har ulike midtmasker for å få mønsteret til å stemma med bolen og få ein saumlaus overgang til berestykket. 

Mønsteret er gratis og kan lastast ned frå Rauma garn sine gratisoppskrifter.

Endringar eg kunne/burde gjort
  • Eg trur eg burde spøta på pinnar 2,5 og 3,0 mm. Då ville genseren blitt tettare og siga mindre.
  • Erma burde vore kortare men det går fint slik dei er no.
  • Det skarlagensraude garnet blødde frykteleg då eg skylte opp genseren. Burde skylt hespa før eg nøsta dei opp.