Strikkefasthet er viktig sjølv om prøvelapp er plagsomt

Strikkefast er alfa og omega når det gjeld det ferdige plagget. Berre éi maske feil per 10 cm kan gje eit plagg som er alt for stort eller alt for lite. Eller det har ingenting å sei. Eit plagg med alt for høg strikkefasthet kan bli fast og stivt og rett og slett ubehageleg å ha på seg. Likeeins kan eit plagg med for låg strikkefasthet bli slaskete og ha dårleg hald. 

Sjølv om eg misliker prøvelappen og berre startar rett på prosjektet mitt så lenge det er garn frå Hillesvåg og Rauma (og stort sett alle andre garn), så må eg av og til laga prøvelapp. Både mønsterspøt og rett og vrang påverkar korleis det ferdige resultatet vert. Eg har ulik strikkefasthet på glattstrikk fram og tilbake og på rundstrikk. Likeeins har eg ulik strikkefasthet med  settpinnar og rundpinne. Denne gongen har eg testa å spøta ermet som prøvelapp. Genseren må jo uansett ha ermer så ved å starta på ermet får eg sjekka strikkefasthet utan å sitja att med eit ubrukeleg produkt til slutt. 

Kapteingenseren og garn

Eg skal spøta Kapteingenseren frå Rauma Design til meg sjølv. Han er spøta i Petter, eit superwashgarn som det er heilt uaktuelt for meg å spøta med. Petter har ei strikkefasthet på 22 m/10 cm og erstatningsgarn bør helst ha denne strikkefastheta. Eller eg må spøta prøvelapp og rekna ut kva storleik eg skal spøta i. Husbonden kjøpte eit supermjukt alpakkagarn til meg i Seattle på ei av reisene sine dit (den gongen ein kunne reisa utan karantene og testar). Baby Alpaca frå Blue Sky Fibers har ei strikkefasthet på 24 m/10 cm i mønsterspøt og det er ikkje så langt unna Petter si på 22 m/10 cm. Eller er det lenger unna enn ein trur?

 

Aritmetikk til spøtet

Eg planlegg å spøta Kapteinsgenseren i storleik L, det svarar til 240 masker og ein omkrins på 109 cm over bringa. Kva skjer så når eg byter garn og strikkefastheta er annleis? 

\[\frac{240 m}{24m/10cm} = 100 cm\]

Dei to maskene i strikkefasthet utgjer altså 9 cm totalt i omkrinsen og genseren ville blitt for liten til meg. Så då må eg rekna på kor mange masker eg treng for å få rett storleik med mi strikkefasthet. Ein omkrins på 108 cm vil vera ideelt. Då er genseren passeleg romsleg sjølv med ein bomullsgenser (eller ullundertrøye) under. 

\[\frac{108 cm}{10 cm}\cdot 24m = 259,2 m\] 

108 cm svarar altså til 259 masker. Mønsteret går opp i seks masker så med 258 masker på bolen får eg ein genser som er passeleg stor. 

 Og difor er det viktig med matematikk på skulen. Kan få bruk for det i dei mest utrulege situasjonar.

Utfordringa med alpakkagarn

Bileta over syner ermet/prøvelappen før og etter vask. Breidda på ermet endra seg ikkje ved vask og tørk, det var 11 cm uansett. Kun lengda endra seg og ermet vart totalt 2 cm lenger. Auken kan delast i ein cm på brotet og ein cm på mønsterdelen. 

Alpakkaull har færre skjel på fibrane enn saueull. Garnet er med andre ord glattare og fibrane vil ikkje hekte seg fast i kvarandre i like stor grad som saueull. Akkurat det er ganske interessant med tanke på kor kraftig plagg laga av alpakkagarn tover ved feil vask! 

Tilpassing av lengda

Den prosentvise auken på genseren kan enkelt reknast ut:

\[10 cm + x\%= 11cm\] \[ x = 10\%\]

Den nederste delen av ermet vaks altså 10 prosent i lengd då eg skylte opp og tørka flatt. Eg må med andre ord ta hensyn til kor mykje genseren strekk seg ved vask. I følgje mønsteret skal bolen vera 40 cm når eg set på erma. Eg reknar med at bolen på grunn av tyngda strekk seg enno litt lenger enn prøvelappen min og eg gjere utrekningane med 12 % vekst. 

\[xcm+12\% = 40cm\] \[x = 35,7 cm\]

Dersom eg spøter bolen 35-36 cm før eg set på erma, bør genseren verta passeleg lang til slutt. På erma vil eg gå ut frå at dei auker 10% slik som prøvelappen og avslutta når dei er 41 cm i staden for 45 cm. Reknar det ut på same måten som bolen:
\[xcm+10\%=45 cm\]\[x=40,9 cm\]

Berestykket må og tilpassast i lengda. Korleis eg løyser det, får eg finna ut av når eg kjem dit. Det blir nok anten til å fella litt oftare på raglan i starten, eller å avslutta med å fella jamnt fordelt før halsen når eg ser genseren er lang nok. 

Og då bør eg få ein genser som er passeleg. I alle fall i teorien. Eg er ikkje uroa over omkrinsen, men meir usikker på korleis tilpassingane i lengda vil gjera utslag til slutt.