Pointy greyhound hood: Unngå forfrysningar

Pointy greyhound hood kan vera løysinga på eit problem du ikkje visste du hadde.

Kulde og god dyrevelferd

Akkurat som oss menneske, kan hundar få frostskadar når det er kaldt. Diverre vert dette problemet ofte oversett av oss dyreeigarar, og veterinærar får inn dyr med frostskadar kvart einaste år. Øyrer, hale, potar og kjønnsorgan er mest utsett sidan det rett og slett ofte er lite pels her. Som hundeeigarar er det vårt ansvar å sørgja for god dyrevelferd når me er ute med hunden på kalde vinterdagar. Anten dette berre er rett ut for å tissa eller om det er lengre turar. 

Bruk dekken

Dei aller fleste som ikkje har polarhundar eller hundar med tjukk underull, vel å bruka dekken som dekkar bringa og magen på kalde vinterdagar samt potesokkar. Det er lett å sjå at hunden frys eller er utilpass når han pip, skjelv og løftar på beina for å unngå den kalde snøen. Og det er like lett å ta på dekken og potesokkar. Men hundane seier ikkje i frå på same måten når øyrene blir kalde og resten av kroppen er varm. Samanlikna med resten av kroppen, har øyrene stor overflate, tynn hud og ofte tynn pels. 

Løysinga på dette er “enkel”: Nemleg å kle på øyra. Og eg har brukt hermeteikn for det det er ikkje alltid like enkelt. Eg har fleire gonger prøvd å ta på Nanna buff, ein over øyrene og ein på halsen. Etter sånn omlag 2 sekund ligg begge så langt ned mot skuldrene som mogleg.

 

Skotsk hjortehund med raudstripete trøye og pointy greyhound hoodie i snøen. Er blå himmel og sol
Pointy greyhound hood

Vinteren 2021 vart kald. Det er ikkje fyrste skikkeleg kalde vinteren Nanna har opplevd, og som tidlegare har eg prøvd med fleire buffar for å halda øyra varme. Ho har eit tjukt dekken med høg hals frå Hurrta, men det dekker jo ikkje øyra hennar. Når temperaturen synk under -15°C, vil Nanna uansett ikkje ut på tur sjølv om eg tar på ho dekken og potesokkar. Litt for seint i forhold til den kalde vinteren kom eg på at eg kunne jo spøta ei hue til ho. 

Pointy greyhound hood er laga for greyhound og passar perfekt for skotsk hjortehund. Fyrste utgåva vart litt for vid i ribben rundt andlete så ho sat ikkje så godt. Men eg fekk testa ho på Nanna medan det var kaldt og ho gjekk lang tur med hue på seg. Eg rakk opp att og gjekk ned i pinnestorleik på ribben og no sit hua perfekt. Eg har spøta i restar av Léttlopi etter islandsgenseren til eldstemann så hua er skikkeleg varm. 

Nanna var ikkje heilt fornøyd med å ha på hua i plussgrader, men eg måtte jo få teke bilete…. 

Nanna si varme hue

Dette er ei gratis oppskrift laga av Nikki Atkins og kan lastast ned frå Ravelry. Tilrådd garn er Cascade 220 frå Cascade Yarns men det var ingen problem å byta til Léttlopi. Eg endra kun pinnestorleiken til 4,0 mm som er tilrådd frå Ístex. Brotet er spøta på 3,5 mm og resten på 4,0 mm. Eg spøter ganske fast når eg nyttar settpinnar, så spissen på hua er spøta på 4,5 mm for å få same strikkefasthet.