Verur – islandsgenser til Storebror

Ferie! Ingen jobb. Ikkje gjera noko ting. Inga vekkerklokke. Leggja meg når eg vil og ikkje uroa meg for noko som helst.

Islandsk strik av Oddný S. Jónsdóttir

Me pakka bilen for tre veker ferie. Full bil av fintøy og goretex, ull og badetøy, soveposar og liggeunderlag, stormkjøken og lavvo. Og garn! Masse garn. Klare for tre veker på vegen – fjellturar og slektstreff.

Islandsk strik er full av fine oppskrifter til både born og vaksne og Storebror hadde funne seg ein genser her. Verur, av Védís Jónsdóttir, er ein tradisjonell islandsgenser. Mønster nede på bolen og erma og rundfelling med mønster.

Det er heilt fantastisk å kunna spøta når eg er passasjer i bil. Ikkje følgja med, bare slappa av. Rundt og rundt og av og til sjekka mønsteret. Og når det er ingen jobb å tenka på, og eg kan dela ansvaret for borna mine med nokon andre, så er det masse tid til å spøta.

Genseren til Storebror var rask å spøta. Han er spøta i Léttlopi frå Istex på pinnar 4,5. Eg hadde rekna med å nytta lengre tid enn eg gjorde, men heldigvis hadde eg med meir garn 🙂

Verur
Varmt og fint i Norrland, Sverige. Storebror blir tvinga til å vera modell for den nye genseren sin.

 

 

PS. Det vart ingen fjellturar. Me enda som klimaflyktningar. Fyrst til Norrland i Sverige og deretter Inderøya i Nord-Trøndelag. Bare late feriedagar.